GAMMAL FILM: Det er mellom anna klipp frå eit tjern i Fløgstadåsen kor to blad Ljung gjekk på skøyter. (Foto: Skjermdump frå Kim Ljung sin YouTube-video)
GAMMAL FILM: Det er mellom anna klipp frå eit tjern i Fløgstadåsen kor to blad Ljung gjekk på skøyter. (Foto: Skjermdump frå Kim Ljung sin YouTube-video)

Historiske bilde frå Sauda

Dei gamle filmsnuttane er sett saman i videoar for Kim Ljung sitt siste album.

Kim Ljung er ein musikar frå Tønsberg. Foreldra hans er frå Sauda. Ljung har totalt gitt ut 20 plater som tekstforfattar og låtskrivar. I forbindelse med hans siste album, det 20. i rekka, er det laga videoar til kvar song.

Plata er gitt ut av bandet Ljungblut, som Ljung er del av. Det siste albumet har fått namnet «Ikke alle netter er like sorte», som også er namnet på éin av songane på albumet.

Videoane som er laga til songane består av gamle filmsnuttar og bilde som Leif Ljung frå Sauda tok for mange, mange år sidan. Mellom anna kan ein sjå saudabuane Leif Ljung og Bjørn Ljung, son av Leif Ljung, vere kunstløparar på eit tjern i Fløgstadåsen. Videoen er laga til songen Liaison.

Sjå videoen under, eller øvst i saka!

På Kim Ljung sin YouTube-konto har musikaren publisert video også til dei andre ni songane som er gitt ut med plata Ljungblut.