I haust blei trafikksikkerheitsplanen i Sauda kommune rullert. Det ligg inne tiltak for 40 millionar kroner.

TRYGGARE SKULEVEG: Å flytte fotgjengarovergangen lenger ned i bakken er eit tiltak som skal gjere skulevegen tryggare, mellom anna for Jonar Djuv Søfting (frå venstre), Herman Hillestad Hatlen og Iver Bruknapp-Dolmen ved Risvoll skule. Rektor Jannicke Hillestad Hatlen trur utbetringane gjer krysset ved fjordhotellet og fotgjengarovergangen meir oversiktleg. (Foto: Even Emberland)

Slik vil kommunen gjere trafikken trygg

I haust blei trafikksikkerheitsplanen i Sauda kommune rullert. Det ligg inne tiltak for 40 millionar kroner.

av Even Emberland

Det var i kommunestyret i oktober at politikarane reviderte trafikksikkerheitsplanen (TS-planen) for Sauda kommune.

Samla sett for perioden fram til og med 2019, ligg det inne tiltak for snautt tolv millionar kroner i kategorien kor også kommunen bidrar med midlar. Tiltak knytt til fylkesvegar i kommunen er kostnadsrekna til 28,1 millionar kroner fram til og med 2019. Det er midlar ein håper å få frå fylkeskommunen og Statens vegvesen.

Eitt av prosjekta som skal gjere det tryggare å ferdast i trafikken for mjuke trafikantar, er utbetringa av fotgjengarkrysset mellom Risvoll skule og Sauda Fjordhotell. Der er fotgjengarovergangen flytta lenger ned, nærmare busslomma på same side som hotellet, slik at bilistar og andre som kjem frå Saudasjøen har betre oversikt i krysset ved hotellet, og ikkje treng køyre tett på elevane når dei tar til høgre i krysset, i retning Sauda.

Det vil også bli sett opp nye gatelys, slik at det mellom anna skal vere enkelt å sjå dei mjuke trafikantane og skuleelevane.

– Det er veldig positivt at det blir gjort noko med krysset. Det er viktig for både oss og foreldra at skulevegen er trygg, for me oppfordrar elevane til å sykle eller gå til skulen. Me har samarbeida godt med FAU (foreldrerådets arbeidsutval), og me er fornøgde med at me har blitt høyrt i prosessen med TS-planen, seier rektor ved Risvoll skule, Jannicke Hillestad Hatlen.

Vil du lese meir og sjå kva andre tiltak kommunen prioriterer? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.