PÅ AUKSJON: Even Mæhle (til venstre) kjøpte ei Swiss Military-klokke til ein hundrelapp, medan Tollef Grindheim fekk tilslaget på ei Tissot-klokke for ein tikroning. Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø var glad på gutane sine vegner. (Foto: Ingvil Bakka)

Røvarkjøp hos politiet

Få personar kom til hittegodsauksjonen, men lensmannen var fornøgd med salet.

– Det var faktisk betre enn venta. Me er fornøgde, kunne lensmann Siri Fisketjøn Indrebø konstatera etter at ho hadde avslutta hittgodsauksjonen torsdag ettermiddag.

Auksjonen varte ein times tid, og politiet blei kvitt store delar av tinga dei auksjonerte bort. Bare mellom 10 og 15 personar var innom auksjonen i garasjen til politiet, og bare rundt halvparten valde å by på varene.

To som sikra seg klokker var 22 år gamle Even Mæhle og 14 år gamle Tollef Grindheim.

Mæhle fekk tilslaget på ei Swiss Military-klokke, som han bydde 100 kroner for. Eit internettsøk viser at klokka, om ho er ekte, kostar fleire tusenlappar. Tollef Grindheim brukte bare ein tikroning på å sikra seg ei Tissot-klokke. Er den ekte, har den ein verdi på fire-fem tusenlappar.

– Eit skikkeleg røvarkjøp, konstaterte politibetjentane rundt han i garasjen.

14-åringen trur klokka blir julegåve til eit familiemedlem.