NY KURS: Roger Birkeland (til venstre) og John Hustveit (til høyre) meiner Magnar Birkeland er ein perfekt trenar til å utvikle klubben vidare. (Foto: Edd Meby)
NY KURS: Roger Birkeland (til venstre) og John Hustveit (til høyre) meiner Magnar Birkeland er ein perfekt trenar til å utvikle klubben vidare. (Foto: Edd Meby)

Ny trenar og ny sportsplan

– Ein viktig grunn til å ta denne jobben er den nye sportsplanen til Sauda IL, seier A-laget sin nye trenar, Magnar Birkeland.

Torsdag blei det klart at den tidlegare toppspelaren tar over som trenar etter Stig Birkeland og Johannes Rød, og det er leiar i fotballgruppa, John Hustveit, svært godt fornøgd med.

– Magnar har lang erfaring både som spela og trenar. I tillegg er han god med folk, og rett mann til å bygge eit miljø rundt seniorlaget. Vi meiner vi har vore veldig heldige som har fått han til å seie ja.

Magnar Birkeland skriver under ein kontrakt på ein sesong. Han kjem til ein klubb han kjenner godt, og ser fram til utfordringa.

– Det skal bli spennande. Klubben lager nå ein ny modell, der dei unge spelarane og seniorlaget skal jobbe tettare samen, og eg arbeider jo mykje med ungdom til vanleg. Eit godt miljø og sportsleg utvikling går etter mi meining hand i hand, seier mannen med tre landskampar på det norske juniorlandslaget i 1990.

Roger Birkeland er ein av dei i Sauda IL som i haust har jobba fram eit forslag til ny sportsplan for fotballgruppa sine 18 lag, 350 spelarar og 30-40 frivillige. Han legg vekt på at det nå skal vere ein raud tråd i drifta av alle lag.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.