GOD TONE: Både dei tilsette, her ved tillitsvald Kjetil Mæhle (nummer to frå venstre), Hans Werdal Tveit, Lene Olsen Håheimsnes og Tore Bjørstad, og leiinga er godt fornøgde med at samtlige ved Djuvik Maskinering frå og med i går var tilbake i full jobb. Det er brørne Jan Harald Djuvik (til venstre) og Bjørn Idar Djuvik (til høgre) som eig bedrifta. (Foto: Even Emberland)

Elleve tilsette er delvis permitterte

Marknadssituasjonen for Djuvik Maskinering gjer at elleve personar frå og med denne veka jobbar 20-40 prosent.

Frå og med måndag denne veka såg ikkje Djuvik Maskinering nokon annan veg vidare enn å permittere elleve personar. Dei elleve har alle fått ein permitteringsgrad på 60-80 prosent.

Dagleg leiar Bjørn Idar Djuvik opplyser at industribedrifta totalt har 15 tilsette, deriblant to lærlingar. Hovudsakeleg er all aktivitet og produksjon hos Djuvik Maskinering knytt opp mot oljebransjen.

– Det er ordresituasjonen som gjer at me må permittere. Normalt har me hatt ordrereservar for eit par månader, men nå har veldig mange anbod på ordrar blitt utsett og skyvd fram i tid. Då såg me oss nøydde til å permittere, seier Djuvik.

Det er framleis produksjon i lokala til Djuvik Maskinering. Den daglege leiaren er tydeleg på at målet er at alle som denne veka i ulik grad er permitterte skal tilbake i jobb så snart som mogleg, sjølv om han ikkje legg skjul på at det er ein kjedeleg situasjon.

– Me jobbar heile tida med å få inn ordrar igjen og få alle tilsette tilbake i full jobb. Det er det første målet, men me må gjere det gradvis. Dette er ikkje nokon kjekk situasjon, seier Djuvik.

– Korleis har du opplevd prosessen opp mot dei tilsette og fagforeininga?

– Dei har vore med på prosessen heile vegen. Me har blitt møtt med veldig forståing av dei, og det har vore ein ryddig prosess, utan gnisningar og trøbbel slik eg ser det, forklarer Djuvik.

Les meir i Ryfylke på fredag.