NYTTÅRSKONSERT: «Figaros Bryllup» var på konsertrepertoaret då operasongarane Inger Torill Narvesen og Leif Jone Ølberg besøkte Sauda søndag. (Foto: Frank Waal)
NYTTÅRSKONSERT: «Figaros Bryllup» var på konsertrepertoaret då operasongarane Inger Torill Narvesen og Leif Jone Ølberg besøkte Sauda søndag. (Foto: Frank Waal)

Må innom Sauda

Leif Jone Ølberg trekker meir publikum i Sauda enn i heimkommunen Sola.

Trioen Leif Jone Ølberg, Inger Torill Narvesen og Sandra Lie la Sauda inn på programmet under sin nyttårskonsert. Sjølv om opera ikkje når det største publikummet, var det 70 personar som møtte fram i Saudasjøen kapell søndag kveld.

Operasongaren Leif Jone Ølberg, som syng ved den Kongelige Danske Opera, er frå Sola og blir følgd av lokalavisa på Sola. Likevel var det 20 fleire som møtte fram på konserten i Saudasjøen, enn under konserten på Sola kvelden før.

Leif Jone Ølberg og Inger Torill Narvesen er operasongarar av fremste format i Norge. Dei har si utdanning både frå Norge og i utlandet og har hatt fleire roller internasjonalt. Sandra Lie har klaverutdanning frå Norges Musikkhøgskule.

Ølberg har for ein del år tilbake blitt leigd inn av Sonor i Sauda. Også i fjor la trioen inn Sauda på programmet under nyttårskonserten. Sauda har derfor blitt ein av dei konsertstadene som trioen, og særleg Ølberg, ønsker å besøke.