GLIMTA TIL: Sondre Handeland vann lett søndagens jaktstart i Saudasprinten, men meiner sjølv han har mykje å henta på toppforma. Han er nyleg tilbake etter å ha vore sjuk i jula. (Foto: Ingvil Bakka)
GLIMTA TIL: Sondre Handeland vann lett søndagens jaktstart i Saudasprinten, men meiner sjølv han har mykje å henta på toppforma. Han er nyleg tilbake etter å ha vore sjuk i jula. (Foto: Ingvil Bakka)

Kald revansj i Saudasprinten

Sondre Handeland hadde 22 sekund å henta inn i jaktstarten søndag. Han vann løpet med 23 sekund.

– Planen min var å vinna på laurdagen og gå ut først. 22 sekund bak var ikkje planen. Men det gjekk greitt å henta det inn igjen på søndag, seier Sondre Handeland.

Etter laurdagens klassiske ti-kilometer låg han på andreplass, 22 sekund bak suldølen Øyvind Røgenes. Planen var derfor klar då han stod på startstreken søndag, og måtte sjå Røgenes starta heile 22 sekund før han i fristil-løpet. Saudabuen tok gradvis innpå suldølen, og litt over halvvegs ut i løypa var rekkefølgen i løpet snudd. Handeland gjekk over målstreken 23 sekund før Røgenes. Han hadde full kontroll på konkurrenten, og innrømmer at han ikkje gav alt i løpet.

– Eg ”saifa” det kontrollert inn, ja. Eg hadde ikkje lyst til å ta meg heilt ut. Må spara litt krefter til eg skal gå Norgescup-renn på Sjusjøen neste helg, seier han.

24-åringen er glad for at kroppen begynner å bli bra igjen etter ei jul prega av sjukdom. Han meiner det framleis er ein del å henta før han er i skikkeleg god form.

– Det eg presterte i helga er langt frå godt nok i eit norgescuprenn. Eg håpar at forma blir endå betre fram mot helga, seier han.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.