Risvoll skule
FORMANNSKAPET: Stort fleirtal for å behalde Risvoll skule.

Stiller spørsmål ved innsparinga

– Eg stiller ein del spørsmål om det er så mykje å spare på å legge ned Risvoll skule, seier FAU-leiar Elin Bakka Løland.

Det var måndag denne veka at foreldreutvalets leiar blei informert om at rådmannen foreslår å legge ned Risvoll skule.

– Det kom brått på. Eg var ikkje førebudd på den beskjeden, seier Elin Bakka Løland.

Ho er klar over at kommunen er i ein spareprosess og at ei nedlegging av Risvoll skule også har blitt diskutert for nokre år tilbake.

– Men eg har ein del spørsmål til om det er så mykje på å spare på ei nedlegging. Det er noko me må sjå nærare på, seier Bakka Løland.

Ho opplyser at ho vil kalle inn til eit FAU-møte i neste veke.

– Me har ikkje fått diskutert dette i FAU ennå, opplyser ho.

Utdanningsforbundets tillitsvalt på Risvoll skule, Stefan Moen Søfting, opplyser at dei tilsette skal diskutere dette onsdag.

– Me har ikkje fått diskutert dette ennå. Me har undervisning og bare nokre minutt friminutt i mellom. Foreløpig er dette eit forslag frå rådmannen. Me må ta dette vidare derfrå, seier Søfting.

Det er i dag 14,8 årsverk på skulen, fordelt på 20 tilsette. I tillegg arbeider to reinhaldarar på skulen. Det er 118 elevar på Risvoll skule.

Rektor Jannicke Hatlen opplyser at det truleg vil vere 110 elevar på skulen etter at introklassen er lagt ned.

Rådmann Wictor Juul opplyser at han vil legge fram ei sparepakke 31. januar, der forslaget om å legge ned Risvoll skule er ein del av sparepakka.

– Forslaget som blir lagt fram utgjer innsparingar på ti millionar kroner, med full effekt frå 2020. Effekten i 2017 vil vere rundt fem millionar kroner, seier Juul, som nå ikkje vil konkretisere kva andre innsparingar han foreslår 31. januar.

Juul opplyser at økonomiske reknestykket med å legge ned ein skule ikkje vil vere klart før i neste månad.

Det er politikarane som til slutt skal avgjøre om Risvoll skule blir nedlagt eller ikkje.