TRIUMF: Aud Elisabeth Stuhr var beste dame i sprinttrippelen i Sandsjöbacka Trail. Men det beste med løpa var for 40-åringen at ho kjente minimalt til meniskskaden som har trøbla henne i haust og vinter. (Foto: Fredrik Ölmqvist)
TRIUMF: Aud Elisabeth Stuhr var beste dame i sprinttrippelen i Sandsjöbacka Trail. Men det beste med løpa var for 40-åringen at ho kjente minimalt til meniskskaden som har trøbla henne i haust og vinter. (Foto: Fredrik Ölmqvist)

Tilbake med siger

Aud Elisabeth Stuhr var best etter drygt sju timar med konkurranse i løpet av helga.

Etter 77 kilometer med løping i terrenget nær Göteborg, stod Aud Elisabeth Stuhr søndag igjen som vinnar av sprinttrippelen i Sandsjöbacka Trail. 40-åringen si totaltid på 7.06.56 var ti minutt betre enn Diane Sadik frå Sveits, som blei nummer to.

For saudaløparen var konkurransen først og fremst eit treningsløp, og på førehand var det løpegleden og ikkje eit resultatmål som var hovudfokuset hennar. Det bidrog også den trøblete menisken til, som gjorde at ho på førehand ville vurdere operasjon om ho kjente mykje smerte i helga.

– Eg har alltid syntest at det er greitt å ha eit løp og to på vinteren, for det gir eit godt avbrekk i treninga. Eg var veldig spent på førehand med tanke på kneet og skaden og følte det hang i ein tynn tråd, men det gjekk veldig greitt, seier Stuhr etter å ha komme tilbake til Sauda i går, måndag.

Forutan sprinttrippelen på 77 kilometer, var det også ein ultratrippel for begge kjønn, i tillegg til at mange sprang eit enkeltløp.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.