KAFÉ-TREFF: Eit venninnetreff på kafé er på ting å gjere-lista til Tone Risvoll Kvernes kvar gong ho tar turen heim, heim til fjord, fjell og gamle minne. (Foto: Even Emberland)
KAFÉ-TREFF: Eit venninnetreff på kafé er på ting å gjere-lista til Tone Risvoll Kvernes kvar gong ho tar turen heim, heim til fjord, fjell og gamle minne. (Foto: Even Emberland)

Kommuneprofilen frå Sauda

Tone Risvoll Kvernes har ikkje rukke å svare på alle gratulasjonane ho har fått etter at ho blei kåra til årets kommuneleiar. Helga brukte ho heime i Sauda.

Ho blei i førre veke kåra til årets kommunale leiar i Kommunal Rapport sin årlege «Kommuneprofil». Helga brukte Tone Risvoll Kvernes i Sauda, då ein lenge planlagt jaktfest førte heile familien frå Kongsberg til Sauda, hennar andre heim.

Sjølv om det er 18 sidan ho sist hadde Sauda som bustadadresse, er heimkommunen med fjorden og fjella som omfamnar den, fortsatt som ein heim å rekne.

– Det har eg tenkt litt på, og det å reise til Sauda er for meg som å reise heim. Det er ikkje bare eit besøk. Så eg har to heimar, ein i Kongsberg og ein her, seier Kvernes,

Skal ein dømme frå alle helsingane ho får, der ho sit tett på ei av inngangsdørene på Brynes konditori, er ikkje «heim» om Sauda upresist. Venninner, gamle kjente frå skule- og ungdomstida, kjenningar av Kvernes’ foreldre, og andre vil helse, det vere seg på konditoriet, på Kiwi, eller i andre settingar. For som ho sjølv seier, etter at ho vann prisen som årets kommunale leiar har det «tatt heilt av».

– Guriland så mykje det har komme på Facebook. Eg har ikkje klart å svare på alle heller. Sånt sett passa det bra med Sauda nå, her får eg iallfall sagt noko til alle som snakkar til meg. Eg kjenner alle eg har snakka med igjen på fjes, men det er nokre namn eg er usikker på. Eg slit mest med dei eg trur er venner av mamma og pappa, seier 37-åringen og smiler.

– Korleis er det å få ei slik verdsetting av jobben de gjer?

– Eg har vel ikkje heilt skjønt at det me har gjort er ekstraordinært. Det er jo bare jobben vår, og me har sett på endringane som naturlege undervegs. Sjølvsagt er det veldig kjekt å få ein sånn pris, men det er ikkje eg som gjer grovjobben. Den er til oss alle, seier Kvernes om barnevernstenesta og dei ho jobbar saman med i Kongsberg kommune.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.