– IKKJE RØRAST: Ordførar Asbjørn Birkeland og varaordførar Asle Rafdal poengterer at partia dei er del av gjekk til val på at skulestrukturen skal bestå. (Foto: Edd Meby)
– IKKJE RØRAST: Ordførar Asbjørn Birkeland og varaordførar Asle Rafdal poengterer at partia dei er del av gjekk til val på at skulestrukturen skal bestå. (Foto: Edd Meby)

Vil halde valløfta om Risvoll

Ordføraren og varaordføraren tvilar på at fleirtalet i kommunestyret blir med på nedlegging av Risvoll skule.

– Me har gått til val på at skulestrukturen ikkje skal rørast. At me får ti millionar kroner mindre i skatteinntekter i 2016 enn kva me budsjetterte, visste me ikkje då. Me må nok bite i oss eit lågare tenestetilbod i kommunen, men samtidig må me vere rettferdige overfor velgarane våre og kva me har gått til val på, seier ordførar Asbjørn Birkeland (Senterpartiet).

Også varaordførar Rafdal meiner dei ikkje kan ta omkamp om Risvoll skule nå.

– Å legge ned Risvoll skule er ikkje vegen å gå, sjølv om økonomien har blitt meir anstrengt. Arbeidarpartiet har gått til val på at skulestrukturen skal oppretthaldast. Folk må ha tryggheit. Nærskule er noko av det viktigaste me har, seier Rafdal.

Både Birkeland og Rafdal presiserer at dei ennå ikkje har mottatt forslaget frå rådmannen om å legge ned Risvoll skule, og at dei ikkje har sett kva det inneber.

Rådmann Wictor Juul seier til Ryfylke at administrasjonen vil kome tilbake med konkrete tal på kva ei eventuell nedlegging av skulen vil gi i innsparingar.

– Ei eventuell nedlegging vil også føre til at me må gjere noko med Fløgstad skule og Austarheim skule, seier Wictor Juul.

Han opplyser at ei nedlegging også vil føre til auka skyssutgifter av skuleungar, men at denne rekninga vil bli delt mellom fylkeskommunen og kommunen. I tillegg må det blir gjort noko med bemanning ved dei andre skulane.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.