LOV Å SMILE: Rådmann Wictor Juul sitt livsmotto er "Smile - it confuses people". 1. april er han ikkje lenger rådmann i Sauda kommune lenger. (Foto: Edd Meby)
LOV Å SMILE: Rådmann Wictor Juul sitt livsmotto er "Smile - it confuses people". 1. april er han ikkje lenger rådmann i Sauda kommune lenger. (Foto: Edd Meby)

Kronisk sjølvironikar

Wictor Juul tilhører nok ikkje ironigenerasjonen sånn aldersmessig, men han veit å bruke ironi når det går ut over han sjølv.

– Mat er ein hobby, og det ber eg jo preg av!

Han buldrar av latter og den røslege korpusen rister godt, mens stolen under han mobiliserer all sin styrke.

– Og det kan du skrive, hæhæhæhæ……

Og det gjer eg jo. Ein skal ikkje tulle med råd frå sjølvaste rådmannen, sjøl om han snart skal slutte.

Vi sit på kontoret hans, mest for at eg vil sjå det eg trur er hans andre heim. Bokhyller, eit stort skrivebord, to vindauge og eit møtebord. På veggen i det triste interiøret heng eit par skeive kunstverk. Eit skilt på veggen seier «Smile – it confuses people», og journalisten kjenner seg straks forvirra.

– Jo, nokre blir nok litt forvirra av det bodskapet, gliser han.

– Kvar har du fått det frå, då?

– Eg fekk det i gåve ein gong. Synest det passar godt her.

– Ja?

– Vi arbeider jo med alvorlege saker her på huset, men ting blir ikkje verre med godt humør, meiner eg. Og humør gir energi.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.