Thomas Karbøl Oxaal revansjerte seg etter sølvet på den første øvinga under norgesmeisterskapet.

TRAFF MED TAKTIKKEN: Thomas Karbøl Oxaal (til høgre) fekk eit opptrekk frå søskenbarnet Cato Søndenå Karbøl (til venstre) inn i den siste bakken, kor førstnemnde tømte seg for krefter på veg til NM-gull. (Foto: John Teodor Oxaal)

Sprinta til NM-gull

Thomas Karbøl Oxaal revansjerte seg etter sølvet på den første øvinga under norgesmeisterskapet.

av Even Emberland

17-åringen var skuffa etter torsdagens fem kilometer klassiske renn, men fredag fekk han sin revansje under norgesmeisterskapet på Lygna. Saman med søskenbarnet og ledsagar Cato Søndenå Karbøl tok han eit suverent gull på sprinten i fristil i juniorklassen.

– Det var stort å bli norgesmeister, og det var knallkjekt å gå. Det var jo mykje meir folk og mykje meir show undervegs enn det eg er van til. Det var ei stor oppleving, seier Oxaal etter gulløpet.

Klassen for utøvarar med funksjonshemmingar gjekk den same sprintløypa som kvinnene gjorde like etter dei. Den bestod av to motbakkar, kor den siste av dei, før nedkøyringa til stadion, var både lengst og brattast.

– Det var ei veldig tøff løype, men den passa meg eigentleg greitt med padlebakken på slutten. Den såg nesten flat ut på TV, men den var dritbratt, forklarer Oxaal.

Saudabuen hadde beste tid i prologen, og som under det individuelle rennet på torsdag, får utøvarane fråtrekk i tida basert på kva handikap dei har. Det gjer at finalen går som ein jaktstart basert på den beste prologtida. Det gjorde at Oxaal starta 23 sekund bak Magnus Rød, og 21 sekund bak Johannes Birkelund, som torsdag vann det klassiske løpet.

– Det er veldig spanande å jakte. Eg henta Magnus rett før den første bakketoppen, og då følte eg at eg hadde kontroll. Skøytesprint er ein bra distanse for meg samanlikna med dei andre.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.