Hildeborg Juvet Hugdal løfta 232,5 kilo i benkpress i helga. Nå føler ho at ho nærmar seg toppen igjen.

I RUTE: Hildeborg Juvet Hugdal føler ho har fått trent godt så langt i vinter. Målet er nye internasjonale medaljar i år. (Arkivfoto: Linda Merethe Lie)

Sette ny personleg rekord

Hildeborg Juvet Hugdal løfta 232,5 kilo i benkpress i helga. Nå føler ho at ho nærmar seg toppen igjen.

av Frank Waal

Under eit treningsstemne benkpress i Danmark i helga sette sette Hugdal ny personleg rekord i benkpress. 232,5 kilo er 2,5 kilo meir enn den gamle rekorden.

Ho løfta 215 kilo i første løft. Andre løft på 225 kilo blei underkjent.

– Eg bomma på teknikken og smalt stanga opp i sikkerheitsstativet bak meg. Eg fekk meg ein liten støkk, men det står fire karar rundt meg som fanga opp vektstanga. Det gjekk bra, seier Hugdal til Ryfylke.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.