VIL IKKJE TIL SAUDA: FAU Risvoll kartlegg moglegheitene for å starte ein privatskule om politikarane vedtar rådmannen sitt forslag om å legge ned Risvoll skule.
VIL IKKJE TIL SAUDA: FAU Risvoll kartlegg moglegheitene for å starte ein privatskule om politikarane vedtar rådmannen sitt forslag om å legge ned Risvoll skule.

Vurderer privatskule

FAU Risvoll har spurt foreldra om dei vil ha meir informasjon om ein eventuell privat barneskule i Saudasjøen.

Etter at rådmann Wictor Juul la fram sitt forslag til korleis kommunen skal spare fleire millionar kroner i ei strukturendring og omorganisering, sende foreldreutvalet ved Risvoll skule (FAU Risvoll) brev til foreldra som har barn ved skulen i Saudasjøen.

Dei bad om tilbakemelding på om ein er for eller imot nedlegging av skulen, og om ein eventuelt er interessert i å få meir informasjon rundt moglegheita for å starte privatskule om rådmannens forslag får politisk fleirtal.

– Undersøkinga viser at mange av foreldra er interesserte i ein privatskule om det blir nedlegging. Me kunne strekt det endå lenger og høyrt med foreldre til barn på andre skular og i barnehagane. Dette er ei større sak enn «bare» Risvoll skule. Den får også konsekvensar for dei andre skulane. Og kor aktuelt vil det til dømes vere å bu i Saudasjøen om barna kvar dag treng skuleskyss? spør Elin Bakka Løland, leiar av FAU Risvoll.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.