Ingen kunne true Sondre Handeland i Slettedalen Rundt. Sjå bildegalleri!

RÅSTERK: Sondre Handeland var bare 40 sekund bak den "uslåelege" løyperekorden etter å ha staka Slettedalen Rundt på blanke ski. (Alle foto: Even Emberland)

Best på blanke ski

Ingen kunne true Sondre Handeland i Slettedalen Rundt. Sjå bildegalleri!

av Even Emberland

Den 40. utgåva av Slettedalen Rundt gav to heimesigrar. I kvinneklassen var Jorunn Øye raskast, drygt seks minutt foran Karine Anette Orset Klæboe (Vindafjord IL) på andreplass.

I herreklassen tok førehandsfavoritten Sondre Handeland tidleg teten, og alt ut av stadion hadde han luke ned til konkurrentane. Han såg seg aldri tilbake, og på blanke ski staka han seg til ein suveren siger. Sluttida på 1.06.13 er noko av det raskaste som er prestert i løypa. Løyperekorden er på 1.05.33, sett av Kjell Ove Seim i 1992.