TRIVST PÅ FLØGSTAD: Aslaug Astad bur framleis i tomannsbustaden som ho og familien flytta inn i på 1950-talet. (Foto: Ingvil Bakka)
TRIVST PÅ FLØGSTAD: Aslaug Astad bur framleis i tomannsbustaden som ho og familien flytta inn i på 1950-talet. (Foto: Ingvil Bakka)

Aslaug Astad. Versågod!

Rolla som strenge ”Frøken Astad” blei eit begrep på Fløgstad skule. I dag vil 72-åringen helst bare vera Aslaug.

20 sekund etter at portrettintervjuet er avtalt ringer telefonen.

– Det er meg igjen. Du! Når du kjem på tysdag: Ta din eigen bil opp hit. Eg er veldig ukomfortabel med eit fokus på meg som person, og vil ikkje ha den svære Ryfylke-bilen ståande her framfor huset mitt. Me må gjer det slik. Greitt? Ha det!

I dag må Aslaug Astad le når ho blir konfrontert med si ganske så bestemte framtoning. Det er sjeldan noko forsiktig utanomsnakk med Aslaug Astad. Ho seier tydeleg ifrå om kva ho meiner og korleis ho vil ha det. Bang-bang-bang, slik skal det vera!

– Eg var faktisk ikkje klar over at eg kan bli oppfatta slik. Men når du seier det, så kan eg forstå at eg sikkert kan virka litt streng. Eg kjenner at det er eigentleg ikkje heilt greitt at folk trur eg er slik, innrømmer ho.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.