Risvoll skule
FORMANNSKAPET: Stort fleirtal for å behalde Risvoll skule.

Ingen kuttalternativ

Onsdag hamnar omorganisering av Sauda kommune på bordet til politikarane. Formannskapet har ikkje fått eit innsparingsalternativ dersom dei vil behalde Risvoll skule.

Rådmannen har lagt fram eit forslag til omorganisering av Sauda kommune som på sikt skal gi 9,6 millionar kroner i årlege innsparingar. 5,1 millionar kroner av dette beløpet skal ifølge rådmannen sparast inn ved å legge ned Risvoll skule, og overflytte elevane til Fløgstad skule og Austarheim skule.

Då rådmannen opplyste om dette forslaget tidlegare i vinter, meinte han at ei nedlegging av ei avdeling innan helse og omsorg var alternativet dersom politikarane ikkje vil legge ned Risvoll skule. Fleirtalet av politikarane i kommunestyret har gått til val på at dei ikkje ønsker å legge ned Risvoll skule. Alternative innsparingar er derfor eit aktuelt diskusjonstema blant dei politiske partia i Sauda.

– Eg har ikkje presentert eit alternativ fordi eg meiner det er eit mykje dårlegare alternativ å legge ned ei avdeling for eldre. Dei må då få eit tilbod heime, som igjen kan bety at me må tilsette fleire i heimetenesta. Legg ein ned Risvoll skule vil ein framleis kunne tilby eit godt skuletilbod, seier rådmann Wictor Juul til Ryfylke.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.