GODT FORNØGD: Glenn Tore Løland jubla for si beste internasjonale plassering etter målgang på fredagens VM-øving. (Foto: Privat)
GODT FORNØGD: Glenn Tore Løland jubla for si beste internasjonale plassering etter målgang på fredagens VM-øving. (Foto: Privat)

VM-debut med stil: – Mi beste internasjonale plassering

Etter ein krevjande start, passerte Glenn Tore Løland løpar etter løpar på første distanse i meisterskapet.

Glenn Tore Løland konkurrerte fredag mot den ypparste verdseliten i randonee, då verdsmeisterskapet starta i Dolomittene i Italia. Det var den klassiske distansen som stod på programmet. Utøvarane klatra 1 700 høgdemeter fordelt på fire stigningar og tilhøyrande utforkøyringar.

27-åringen, som er busett i Hylsstronda, blei 33.-mann.

– Eg er meget fornøgd med løpet. Det er mi beste internasjonale plassering så langt. Det var eit krevjande løp med ein smal start og mykje folk som bydde på ein litt trøblete start. Det blei betre og betre, og eg tok igjen folk gjennom heile løpet.

(Saka held fram under bildet)

TRONG START: Det var kamp om posisjonane og kaotisk ut frå start i seniorklassen for menn. (Foto: Karl Posch, International Ski Mountaineering Federation)

Det var italienaren Damiano Lenzi som var best og blei krona til verdsmeister på heimebane, etter ein jamn duell med spanjolen Killian Jornet, som bur i Norge. Anton Palzer (Tyskland) følgde på bronseplass. Totalt var det 73 deltakarar i seniorklassen for menn.

Her finn du komplett resultatliste frå det individuelle løpet.

– Til tider var det dårleg sikt, så utforkøyringane var litt utfordrande, i tillegg til at det er veldig lite snø her, så det er mykje stein i løypa, forklarer Løland om forholda.

Forutan Løland forsvarte Lars Erik Skjervheim, Sindre Hoff og Stine Haustreis dei norske fargane på den klassiske distansen. Best gjorde Skjervheim det. Vossingen blei nummer 20. Haustreis var 27. beste kvinne, medan Hoff enda på 41.-plass.

Les meir i Ryfylke si avis kommande tysdag.