*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BODRUNDE: Det var rift om å få kjøpa eigedommen Sauda Fjordhotell. Seks interessentar kjempa om å få kjøpa det. I dag, onsdag ettermiddag, blei bygget selt til ein utanbygds person. (Arkivfoto)

Fjordhotellet er selt

Den utanbygds kjøparen har signalisert at det blir hotelldrift om kort tid.

– Hotellet blei selt nå i ettermiddag. Den endelege prisen var over prisantydninga, og det var seks interessentar med i bodrunden, opplyser meklar Jan Erik Østbø frå Eiendomsmegler 1.

Sauda Fjordhotell blei i slutten av februar lagt ut for sal med ei prisantydning på 4,8 millionar kroner. Då Ryfylke i sist veke skreiv om den store interessa for eigedommen hadde meklar Østbø stor tru på at salet ville gå fort.

– Journalisten flirte litt av meg, men eg fekk rett. Eg hadde ein god følelse for dette, seier Østbø fornøgd.

Han fortel at det var 170 namn på lista over interessentar. Annonsen på Finn.no hadde 16 500 visningar i løpet av dei drygt to vekene eigedommen låg ute for sal. 15-20 personar var på visning på eigedommen.

Det var ingen lokale interessentar med i bodrunden i dag, onsdag.

Kjøparen, som foreløpig er anonym, er som sagt ikkje frå Sauda. Vedkommande har drive hotell før, men jobbar ikkje med hotelldrift per i dag. Østbø har fått signaler om at den nye eigaren vil i gang med hotelldrift i Sauda så snart som muleg.

– Det er nokre småting som må på plass, så det blir ikkje sett opp reklameskilt alt denne veka. Men ønsket er å komma kjapt i gang, opplyser meklaren.

– Så i løpet av våren er det igjen drift ved fjordhotellet?

– Jada, det vil det vera, seier meklar Jan Erik Østbø.

 Les meir om salet og om kven kjøparen er i papiravisa fredag.