SNART DRIFT: Det nystifta selskapet Sauda Fjordhotell Eiendom AS har kjøpt det over hundre år gamle fjordhotellet i Saudasjøen. (Foto: Even Emberland)
SNART DRIFT: Det nystifta selskapet Sauda Fjordhotell Eiendom AS har kjøpt det over hundre år gamle fjordhotellet i Saudasjøen. (Foto: Even Emberland)

Familie overtar hotellet

Familien Urheim/Heggø vann bodrunden onsdag ettermiddag. Målet er å opna så raskt som muleg.

Etter ein heftig bodrunde onsdag ettermiddag blei det klart at det nystifta selskapet Sauda Fjordhotell Eiendom AS har kjøpt det over hundre år gamle fjordhotellet i Saudasjøen.

Bak selskapet står Familien Urheim og Heggø. Brit Elise Urheim blir hotellsjef og flyttar til Sauda, medan eksmannen hennar Harald Urheim, og svigerinna Tone Urheim og mannen hennar, Roy Heggø, fortset i sine respektive jobbar i høvesvis Skottland og Bergen. Også sonen til Brit Elise og Harald, Kjetil Urheim, blir delvis involvert i drifta, då som marknadsansvarleg.

– Eg har tru på å driva eit hotell som dette som ein familie. På mange måtar er det nok lettare at me er ein samla familie om det, enn om det var ein investor som kjøpte eigedommen, seier Urheim.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.