FRIVILLIG I BAKGRUNNEN: Ågot Fosshaug Grindheim. (Foto: Edd Meby)
FRIVILLIG I BAKGRUNNEN: Ågot Fosshaug Grindheim. (Foto: Edd Meby)

Trivst aller best i bakgrunnen

Ho er god til å sjå andre, men sjølv treng Ågot Fosshaug Grindheim helst ikkje bli lagt så mykje merke til.

Viss omtanke tar stor plass i ein kropp, skulle Ågot vore eit par meter høg, men her vi sit i sofaen på Møteplassen er det ikkje det som slår meg først. Det er snakketøyet. Ågot har mykje ho skal ha sagt og ho held høgt tempo og kort avstand mellom bokstavane.

– Jegdrikkerikkekaffe, smiler ho på østlandsk, og lager likevel ei heil kanne til journalisten – og ein kopp med grønn te til seg sjølv.

– Møteplassen blir drive av Mental Helse, og det er ei svært aktiv foreining. Det kan du skrive med ein gong. Hit kjem folk med forskjellege behov. Vi har middag kvar torsdag, og vi har steptrening og vassgymnastikk. Mange vil ha nokon å snakke med.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.