FRÅ I FJOR: I år blir det ikkje noko av Fjellrennet for fjorårsvinnar Amund Hoff Thomassen og andre som såg for seg å gå rennet frå Jeskedalen i Åbødalen til Krokane i Herheimsdalen. (Arkivfoto: Even Emberland)

Fjellrennet avlyst

Etter 64 gonger er det slutt for det tradisjonsrike turrennet. I alle fall midlertidig, då Sauda Ferie & Fritid håpar nokon vil ta over.

Nærmast på overtid tok Sauda Ferie & Fritid med Ragnar Fosstveit i spissen ansvaret for Fjellrennet i fjor, slik at det ikkje blei avlyst. Det blei gjort i håpet om at andre kunne sjå moglegheitene til å føre rennet vidare dei kommande åra.

– Tanken vår var heile tida at nokon andre kunne ta hand om rennet. I våre auge er det eit idrettsarrangement, men me ser at det kan vere eit vanskeleg tidspunkt for til dømes idrettslaget og andre å arrangere Fjellrennet på, seier Fosstveit.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.