For tre veker sidan dreiv Brit Elise Urheim antikvitetsbutikk i Røyksund. Onsdag tar ho imot sine første hotellgjester ved Sauda fjordhotell.

KLAR TIL PÅSKE: Den nye hotellsjefen Brit Elise Urheim føler seg velkommen i Sauda. Nå ønsker ho turistar og saudabuar velkommen til det nyopna Sauda fjordhotell. (Foto: Ingvil Bakka)

Påskeklar hotellsjef

For tre veker sidan dreiv Brit Elise Urheim antikvitetsbutikk i Røyksund. Onsdag tar ho imot sine første hotellgjester ved Sauda fjordhotell.

av Ingvil Bakka

– Eg gler meg veldig, og eg er så spent. At me nå skal driva dette flotte, ærverdige hotellet i Sauda er bare heilt fantastisk, seier Brit Elise Urheim.

Onsdag 15. mars blei det klart at nye eigarar overtar drifta av det over hundre år gamle Sauda fjordhotell i Saudasjøen. Fredag for ei veke sidan flytta den nye hotellsjefen, Brit Elise Urheim, til Sauda. Ho er eigar av bygget, saman med sin tidlegare ektemann og nåverande bestevenn Harald Urheim, og hans søster Tone Urheim og hennar ektemann Roy Heggø.

Fredag for ei veke sidan kom dei fire eigarane til Sauda for å starta prosessen med å gjenopna hotellet. Sidan har det gått slag i slag. For det har ikkje mangla på arbeid å ta tak i for den nye hotellsjefen. Alt papirarbeid knytt til blant anna forsikringar, brannforskrifter og skjenkeløyve er nå ordna. Samtidig har Urheim hatt ein stor reingjeringsjobb.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.