Formannskapet valde å utsetta behandlinga av reguleringsplanen på Vangnes, då det blei klart at det kan dukka opp uføresette utgifter.

OMRÅDE I ENDRING: Vangsnes slik reguleringsplanen legg opp til at det skal bli. (Illustrasjon: Sauda kommune)

Store Vangsnes-planar og frykt for ekstrarekningar

Formannskapet valde å utsetta behandlinga av reguleringsplanen på Vangnes, då det blei klart at det kan dukka opp uføresette utgifter.

av Ingvil Bakka

– Eg synest det er mange ”lause trådar” her, og fryktar at det kan dukka opp kostnad på kostnad i saka. Eg har ikkje lyst til å stoppa utbygginga, men meiner det blir feil å vedta prosjekt me ikkje har råd til, sa Høgres Dagfinn Birkeland under formannskapet si behandling av reguleringsplanen for Vangnes.

I reguleringsplanen er det lagt til rette for utbygging av ambulansestasjon, kontorlokale og leilegheiter. På sikt skal det også lagast eit nytt kryss ved Vertshuset Grand, og få på plass eit nytt trafikkmønster i området.

Debatten i formannskapet gjekk fort over på å diskutera mulege ekstrarekningar som kan dukka opp i tida etter at reguleringsplanen eventuelt blir vedtatt. Hamnebygget, som tidlegare var eigd av kommune, men som nå er eigd av eit privat firma, blei eit tema.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.