Fotoserie frå Allmannajuvet til topps i internasjonal arkitektkonkurranse.

ALLMANNAJUVET: Turistanlegget i Allmannajuvet på innsida av museumsbygget. (Foto: Even Emberland)

Arkitekturpris til Allmannajuvet

Fotoserie frå Allmannajuvet til topps i internasjonal arkitektkonkurranse.

av Frank Waal

Ei rekke arkitektprisar har blitt delt ut i den internasjonale kåringa Architizer A+Awards. I klassen for «Consept-Architecture + Photography & Video» gjekk Allmannajuvet til topps med ein fotoserie tatt av fotografen Aldo Amoretti. Det var “popular choice”-prisen Allmannajuvet vann. Juryprisen i den same klassen gjekk til «Snøhetta Viewpoint 4K».

Fotoserien består av 18 bilder og er tatt både på innsida av Peter Zumthor-bygga og i området rundt.

Her kan du sjå dei 18 bildene på architizer.com sine nettsider.