Russen opererer med ei liste over yngre elevar dei skal ”ta”. Skuleleiinga har prøvt å ta grep.

FJERNA LISTA: Rektor Oskar Waage-Pettersen kravde svartelista fjerna frå skulen. Alt dagen etterpå var lista hengt opp igjen tre forskjellige stader i kantineområdet. (Foto: Ingvil Bakka)

Svartelista bortvist frå skulen

Russen opererer med ei liste over yngre elevar dei skal ”ta”. Skuleleiinga har prøvt å ta grep.

av Ingvil Bakka

– Me synest ikkje dette er greitt, og har kravd lista fjerna frå skulen. Det er likevel vanskeleg for oss å ha kontroll på kva russen gjer på fritida si, seier Oskar Waage-Pettersen, rektor ved Sauda vidaregåande skule.

Russekull i Sauda har i fleire år operert med ei såkalla svarteliste. Lista har ein oversikt over yngre elevar som russen skal herja litt ekstra med i russetida. I år har ikkje svartlista konkrete namn, men setningar som skildrar personane sin oppførsel og utsjånad. Etter det Ryfylke kjenner til er det relativt lett for både elevane det gjeld, og den eldre russen å kjenna igjen kven som er skildra. Svartelista blei hengt opp fleire stader inne på skulen.

– Eg må innrømma at eg såg lista, men eg skjønte ikkje kva det var, seier rektor.

Etter at skuleleiinga blei gjort merksam på lista og kva den inneheldt, blei temaet tatt opp under eit møte med russen onsdag. I møtet tok skuleleiinga opp både trafikkfornuft og oppførsel knytt opp mot andre medelevar, spesielt dei yngre.

I møtet sa rektor at han ikkje ville sjå svartelista opphengt på skulen, og at han oppfordra elevane til å tenka seg godt om og ikkje vera stygge mot andre. Same føremiddag, kort tid etter dette møtet, var Ryfylke til stades i kantina ved skulen, der to-tre russ kasta seg over ein yngre elev og med tvang vaska sminke av ansiktet hennar.

– Er dette greitt?

– Nei, så klart ikkje. Dette er ikkje greitt, seier Waage-Pettersen, som vil karakterisera slik oppførsel som mobbing og rein trakassering.

Les meir om svartelista i papirutgåva eller last ned eavis her