DRIV SANDTAK: Brødrene Selvik AS driv sandtak i området Kastfoss/Birkeland. Her har dei årleg ein produksjon på cirka 27 000 kubikkmeter. (Foto: Ingvil Bakka)
DRIV SANDTAK: Brødrene Selvik AS driv sandtak i området Kastfoss/Birkeland. Her har dei årleg ein produksjon på cirka 27 000 kubikkmeter. (Foto: Ingvil Bakka)

Brødr. Selvik gjekk over streken

Saudafirmaet gjorde ei ulovleg utviding av sandtaket på Birkeland.

– Me har lagt oss heilt flate. Dette skulle så klart ikkje skjedd, seier Leif Inge Løland, dagleg leiar ved entreprenørbedrifta Brødrene Selvik As.

Det er ved sandtaket på Birkeland at bedrifta skal ha tatt i bruk areal utanfor det som er tillatt i reguleringsplanen for området. Ifølge Løland har firmaet kun grove ut topplaget i eit område utanfor grensa i reguleringsplanen.

Det var i 2016 at ein innbyggar gjorde Sauda kommune merksam på lovbrotet. Forvaltningsleiar teknisk, Ørjan Djuv, tok deretter kontakt med Brødrene Selvik. Leif Inge Løland seier at dei då ikkje var klar over at dei hadde gått utover reguleringsgrensene i området.

– Me stoppa uttaket med ein gong. Nå har me lagt ned store steinar der, for å visa at me ikkje skal røra meir der, seier han.

Området det er snakk om er på cirka 10 x 30 meter, i nordleg retning og er inne på same grunneigar-eigedom som resten av sandtaket.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her