*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OBS: Skogbrannfaren er spesielt stor nå, før plantene i naturen veks seg grøne og friske igjen. Dette bildet er frå ein tidlegare skogbrann, varabrannsjef Inge Seim (til venstre) og politibetjent Paul Bjarne Foss. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Åtvarar mot skogbrannfare

Fint og varmt vêr + mykje tørt gras frå i fjor = Stor brannfare.

– Me går nå inn i ein skogbrannfarleg periode, seier varabrannsjef Inge Seim.

Våren kan vera lunefull på mange vis. For litt over ei veke sidan lava snøen ned og la eit titals centimeter tjukt snølag over bygda. I dag, ei veke seinare, er det langt meir vårleg, med sol og sommarlege temperaturar opp mot 10-15 varmegrader. Mange stader har det ennå ikkje rukke å bli grønt, og bakken er dekka av tørka gras og kvister frå i fjor. Ifølge Inge Seim skal det lite til før ein kan starta ein stor skogbrann.

– Me ber folk om å vera forsiktige. Og eg minnar om totalforbodet mot å tenna om eld i utmark. Det gjeld frå om med 15. april, seier han.

Varabrannsjefen seier han ikkje liker art folk bruker eingongsgrillar ute i naturen, men ber instendig om at folk bruker sunn fornuft, i så fall.

– Eingongsgrillen skal stå på eit trygt underlag. Ein må sløkka godt og ta med seg avfallet. Husk rikeleg med vatn, seier han.