TAR SATS: Eirik Aasheim gler seg til å ta fatt på nye utfordringar i Weldone, som dagleg leiar i bedrifta. (Foto: Privat)
TAR SATS: Eirik Aasheim gler seg til å ta fatt på nye utfordringar i Weldone, som dagleg leiar i bedrifta. (Foto: Privat)

Han blir ny Weldone-sjef

Eirik Aasheim sluttar i Statoil for å bryne seg på nye utfordringar i Sauda.

42-åringen har budd inst i Saudafjorden sidan 2005, men det er først til hausten at arbeidsplassen hans også får adresse Sauda kommune. Då blir Eirik Aasheim ny dagleg leiar i Weldone.

Saudafirmaet nærmar seg 70 år i næringslivet, etter at dei etablerte seg i 1948 under namnet Sauda Monteringslag.

– Eg kjenner at nye utfordringar triggar noko i meg, så dette blir spanande. I første omgang har eg mykje å sette meg inn i, eg må bli kjent med organisasjonen. Eg håpar dei tar meg imot med eit ope sinn, og at me gjer kvarandre gode. Det blir viktig, for det er mange arbeidsplassar som me vil ta vare på, og aller helst skape nokre fleire også, seier Aasheim.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.