NEDBEMANNING: Det blir stadig færre tilsette hos NAV Arbeid og ytelser i Sauda. (Foto: Even Emberland)
NEDBEMANNING: Det blir stadig færre tilsette hos NAV Arbeid og ytelser i Sauda. (Foto: Even Emberland)

Kutt på kutt hos NAV

Dei siste åra har det blitt færre og færre tilsette ved NAV Arbeid og ytelser i Sauda. I år har to årsverk forsvunne, utan at det er planar om å erstatte dei.

Tidlegare i år blei Silje Jansson ny leiar for avdelingskontoret til NAV Arbeid og ytelser i Sauda. Jansson har vore tilsett ved forvaltningskontoret sidan det blei starta opp i Sauda i 2008. NAV opplyser nå at det ikkje er planar om å tilsette ein ny person i Janssons tidlegare stilling.

Det skriv avdelingsdirektør i NAV Arbeid og ytelser Karmøy, Birgit M. Hårvik i ein epost til Ryfylke. Det er heller ingen planar om å erstatte ein person som tidlegare i år gjekk av med pensjon.

– Budsjettkutta berører også NAV, og dei siste åra er bemanninga i heile NAV Arbeid og ytelser redusert. I åra framover vil digitalisering av søknads- og saksbehandlingsprosessane påverke behovet for bemanning, og på sikt vil talet på einingar og tilsette truleg bli redusert. Men det er altfor tidleg å seie noko om kva betyding det eventuelt vil få for våre avdelingar i Karmøy, Sandnes og Sauda, skriv Hårvik.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.