LAGAR SYKKELFEST: Barna som melder seg på Tour of Norway for kids kan bruka både trehjulssyklar og syklar med eller utan støttehjul. Initiativtakar Cato Søndenå Karbøl har mellom anna fått med seg Sauda Ferie & Fritid, Sauda Vekst og organisasjonen MOT på laget. (Foto: Privat)

Tour of Norway for kids kjem til Sauda

Sykkelsirkuset for barn reiser Norge rundt i løpet av tre sommarmånader. 12. juli er Sauda vertsskap.

– Eg trur dette blir kjempekjekt! Og samtidig har Sauda her ein kjempegod mulegheit til profilering. TV 2 følger Tour of Norway for kids i heile juli, og vil bruka innslag frå turneen i sine Tour de France-sendingar på tv, seier Cato Søndenå Karbøl,

I løpet av tre sommarmånader vil Tour of Norway for kids-arrangørane reisa rundt på turne i Norge. 36 stader vil få besøk av det store sykkelsirkuset. Onsdag 12. juli kjem dei til Sauda, takka vera Cato Søndenå Karbøl. Han har sidan august i fjor vore tilsett i ei prosjektstilling i Norges sykkelforbund, og tenker sykkel året rundt.

– Eg kjenner folk som jobbar med Tour of Norway for kids, og tenkte at det hadde vore kult å fått det sirkuset til Sauda. Eg fekk med meg sykkelklubben og skreiv ein søknad, seier han.

Sykkelrittet er ope for alle mellom 0 og 13 år, og deltakarane blir delt inn klassevis. Både trehjulssyklar og syklar med støttehjul er tillatt. Det vil bli laga til ei rundløype på rundt 600 meter, med start og mål ved rådhuset.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.