Kommunen vurderer utviding av industriområdet på Birkeland. Sverre Gustav Birkeland og Ivar Tangeraas liker dårleg at endå meir jordbruksareal kan forsvinna.

MEINER NOK ER NOK: Sverre Gustav Birkeland (til venstre) og Ivar Tangeraas meiner bøndene på Birkeland har avstått meir enn nok jordbruksareal til industriområdet. Dei vil ha den resterande dyrka/dyrkbare jorda til dyra sine. (Foto: Ingvil Bakka)

Bekymra for gardsbruka på Birkeland

Kommunen vurderer utviding av industriområdet på Birkeland. Sverre Gustav Birkeland og Ivar Tangeraas liker dårleg at endå meir jordbruksareal kan forsvinna.

av Ingvil Bakka

– Dyrka eller dyrkbar mark er det som dannar grunnlaget for gardsdrift. Tar ein meir jordbruksareal frå Birkeland nå vil ein øydelegga viktig produksjonsgrunnlag for evig tid, seier gardbrukar Sverre Gustav Birkeland.

42-åringen er sjølvstendig næringsdrivande og driv gard med 300 sauer på Birkeland.

Han og Ivar Tangeraas, som er deltidsbonde med rundt 100 sauer på den noko mindre nabogarden, ser med bekymring på at ei utviding av industriområdet er blitt eit aktuelt tema. I ein artikkel i Ryfylke i slutten av april sa rådmann Andreas Fløgstad at han meiner utvikling av nye arbeidsplassar i Sauda blant anna er avhengig av meir tilrettelagt areal på Birkeland.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.