Politimeister Hans Vik planlegg å gjere Sauda til administrasjonsstad for politiet i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord.

– GLEDELEG: Ordførar Asbjørn Birkeland meiner at politimeistaren sitt forslag om Sauda som administrasjonsstad er med på å bygge opp Sauda som regiondelsenter. (Foto: Even Emberland)

Sauda kan få politileiar

Politimeister Hans Vik planlegg å gjere Sauda til administrasjonsstad for politiet i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord.

av Even Emberland

Med nærpolitireforma i Sør-Vest politidistrikt (SVPD) er Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord ei ny geografisk driftseining. Eininga sin administrasjonsstad ønsker politimeister Hans Vik å legge til Sauda.

Administrasjonsstaden vil vere kontorplassen for den nye leiaren av eininga.

Ifølge prosjektleiar for nærpolitireforma i SVPD, Bernt Vidar Norvalls, vil politimeistaren ta ei endeleg avgjerd i dag, fredag, eller tidleg i neste veke på kor administrasjonsstaden blir lagt.

– Kva konkret har gjort at politimeistaren har peika på Sauda i forslaget?

– Det kokar ned til signaleffekt og ei avgjerd han må føle seg litt fram til. Dei faglege argumenta ligg i botn og blir vekta ganske likt for Sauda og Ølen. Det er ei komplisert avgjerd kor signaleffekt og psykologi speler inn, forklarer prosjektleiaren.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.