INNSPURTEN: Ragnar Fosstveit (til venstre) og Ole Orre i arrangementskomiteen til Saudadagane. (Foto: Frank Waal)
INNSPURTEN: Ragnar Fosstveit (til venstre) og Ole Orre i arrangementskomiteen til Saudadagane. (Foto: Frank Waal)

Klart for Saudadagane

Arrangøren har starta rigginga av telt og scener til årets utgåve av Saudadagane.

Tysdag startar det offisielle programmet for Saudadagane.

– Me er i rute og billettsalet går godt, opplyser Ragnar Fosstveit, som er leiar for arrangementet.

Måndag starta arbeidet med å rigge telt, både ved Musikkpaviljongen og på Rådhusplassen. Seks dagar til ende blir det konsertar og aktivitetar for både store og små.

Ein dag før arrangementet startar varslar meteorologane strålande sommarvêr heile veka. Til helga skal det bli godt over 20 grader. Det gleder Ragnar Fosstveit.

– Vêret har mykje å seie. Då blir det kjekkare for både dei som arrangerer og for publikum.

At vêret betyr noko for billettsalet, er vel så viktig for arrangøren.

– Me har selt ein del billettar, men det er mange billettar igjen på arrangementa. Me har sett opp ei ekstraforestilling med Kristian Valen fredag kveld. Men framleis er ikkje den første førestillinga utseld, opplyser Fosstveit.

Årets program er utvida i forhold til tidlegare år.

– Nytt av året er at me har sett opp ein kveld ekstra i det store teltet ved Musikkpaviljongen. I tillegg er Ryfylke-quizen for 8. klassingar nytt i år. Torsdag er det også open dag i Allmannajuvet, sidan dette er ein fridag. Ellers er programmet og arrangementet rundt den same lesten som fjorårets program, seier Ragnar Fosstveit.