BLANT DEI MANGE: Anne-Brit Solland og Roy Frode Kirkevold er to av minst 200 frivillige som bidrar til at Saudadagane skal bli så bra som mogleg. (Foto: Even Emberland)
BLANT DEI MANGE: Anne-Brit Solland og Roy Frode Kirkevold er to av minst 200 frivillige som bidrar til at Saudadagane skal bli så bra som mogleg. (Foto: Even Emberland)

Minst 200 frivillige i sving

Med glød og smil er Anne-Brit Solland og Roy Frode Kirkevold to av mange «usynlege» frivillige for folkefesten Saudadagane.

Sidan Saudadagane i 2011 tok sats og inkluderte konsertar med nasjonale stjerner som til dømes Vamp og Erik og Kriss i programmet, har arrangementet naturleg også kravd fleire frivillige og eldsjeler.

To av dei er Roy Frode Kirkevold og Anne-Brit Solland.

– Eg kosar meg kvart år eg er med! Det er kjekt å hjelpe eit så flott arrangement, for Saudadagane betyr mykje og er positivt for Sauda, seier Solland.

Entusiasmen for å bidra til at Saudadagane blir arrangert så knirkefritt og saumlaust som mogleg, deler ho med Kirkevold. Dei kommande vekedagane bidrar han på kveldstid med riggejobb, medan han og dei andre i riggegjengen også tar unna jobben som må gjerast på scenen mellom artistane.

– Eg trur det var i 2012 eg var med for første gong. Eg syntest det var kjekt og noko eg ikkje hadde vore med på før, så nå ser eg eigentleg fram til slutten av mai kvart år. Det er heilt fantastisk å få vere med og hjelpe eit sånt arrangement, forklarer Kirkevold.

Arrangementsleiar for Saudadagane, Ragnar Fosstveit, har ikkje noko nøyaktig tal på timar og kor mange som er involverte i dugnadsarbeidet for Saudadagane. I tillegg kjem bedrifter som hjelper dei, samt sponsorar.

– Det er iallfall ikkje mindre enn 200 personar som jobbar dugnad. Det har blitt ein stor og velsmurt stab, kor me har mange gode folk med oss. Det er mykje dei same som stiller opp igjen og igjen, samtidig som det kjem nye til. Dei som bidrar er heilt avgjerande for oss, seier Fosstveit.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her for å lese om mykje av det som skjer under Saudadagane i år.