DSC_0610

Intens tvekamp

Barn og ungdom dominerte sentrum på andre dag av Saudadagane.

Barn og ungdom stod i sentrum på dag to av Saudadagane. Først ut var Barneskulanes tvekamp på rådhusplassen, før ungdommane fekk boltre seg. Først med finalen i Ryfylkequiz, deretter med ei rekke aktivitetar og rådhusplassen og sentrum som myldreplass.

Under ser du eit bildegalleri frå barneskuleelevane sine konkurransar. Du kan klikke på eitt av bilda for å starte gallerimodus. I førstkommande avis kan du sjå fleire bilde frå arrangementet.

Risvoll skule stakk av med sigeren etter sju øvingar, éin for kvart klassetrinn. Etter seks øvingar hadde Risvoll, Austarheim og Fløgstad to sigrar kvar. Sjuandeklassingane frå Risvoll kneip sigeren etter å ha vore best i pensumquizen som avslutta tvekampen.