TEAM BREDE: Brede Svendsen, her omkransa av lagkameratane sine, Gunn Bastlien og Paul Kåre Handeland, feira sykkelprestasjonen med jubel, shampis og flagg. (Foto: Ingvil Bakka)
TEAM BREDE: Brede Svendsen, her omkransa av lagkameratane sine, Gunn Bastlien og Paul Kåre Handeland, feira sykkelprestasjonen med jubel, shampis og flagg. (Foto: Ingvil Bakka)

Verdens beste Brede klarte målet sitt

26-åringen sykla inn til jubelbrus i Sauda sentrum, etter elleve mil på sykkelsetet.

Det var ingen tvil om kven som var dagens største vinnar i sykkelrittet Haugesund-Sauda i dag, laurdag, under Saudadagane.

Team Brede, med 26 år gamle Brede Svendsen i spissen, suste over målstreken i Rådhusgata like før klokka 14.30, til ellevill jubel frå publikum. Gratulantane stod i kø, og mange var rørt til tårer over den store prestasjonen. For, det seier seg sjølv at det å sykla med alt ein har av krefter i fem-seks timar er langt meir imponerande enn ritt-vinnarane, som ”bare” var på sykkelsetet i drygt to og ein halv time.

Hovudpersonen sjølv, som har downs syndrom, var tydeleg stolt over å ha klart målet sitt.

– Det gjekk heilt greitt. Men det var verst opp frå Kvaløy. Og, ja, det var kjempekjekt å sykla i mål, seier han smilande til Ryfylke.

At Brede sitt løp var dagens mest imponerande herska det ingen tvil om. Lagkameratane hans, Gunn Bastlien og Paul Kåre Handeland frå Frisk & Rask treningssenter fortel om ein kar som måtte langt ned i kjellaren for å henta fram kreftene sine.

– Han har nok vore langt meir sliten enn me andre nokon gong har vore. Det vitnar om ein enorm vilje og styrke, seier Handeland.

Brede har alt varsla at han også vil stilla til start neste år.

Dagens ritt blei vunne av Mikal Iden frå Haugesund Triathlonklubb. Han vann med tida 2 timar, 39 minutt og 49 sekund – nær to minutt framfor Sverre Dyngeland Vik, Ringerrike Sykkelklubb og Arne Kalland-Olsen frå Bokn Sykkelklubb.

Beste dame var førehandsfavoritten Tone Hatteland Lima frå Bryne CK, som kom i mål på tida 2.50.29.

Les meir i papirutgåva tysdag 30. mai.