– Eg fekk gåsehud på matstasjonen, så der måtte eg klappe tilbake til publikum, seier vinnaren av herreklassen i Hovlandsnuten Opp.

RASKAST I HOVLANDSNUTEN OPP: 20-åringen Stian Øvergaard Aarvik rykka med éin kilometer igjen og såg seg ikkje tilbake. (Foto: Nils Tungland, video: Even Emberland)

Vinnarane hyllar folkefesten

– Eg fekk gåsehud på matstasjonen, så der måtte eg klappe tilbake til publikum, seier vinnaren av herreklassen i Hovlandsnuten Opp.

av Even Emberland

Karoline Holsen Kyte (Førde IL) distanserte tidleg konkurrentane og var suveren i årets Hovlandsnuten Opp. Over målstreken ved nuten 931 meter over havet, stoppa ho klokka på 49.21. Det  var nesten to minutt raskare enn Heidi Weng sin gamle løyperekord på 51.17 frå 2015.

– Eg har aldri vore her før, men dette var eit veldig moro løp, så her kjem eg tilbake. Beina var gode heile vegen, og eg klarte å halde farta eg sette. Det var veldig kjekt med så mange stasjonar og så mykje folk langs løypa, seier Kyte etter sigeren.

(Saka held fram under bildet)

SUVEREN LØYPEREKORD: Karoline Holsen Kyte kom i mål på godt under 50 minutt. (Foto: Nils Tungland)

May Britt Buer og Eli Anne Dvergsdal (Gular) følgde på plassane bak Kyte. Beste saudaløpar i dameklassen blei Marie Vikeså, som tidlegare i vår vann Vårkaaten. Ny Von-løparen blei samla den tolvte beste kvinna.

I herreklassen blei det ein duell mellom 20 år gamle Stian Øvergaard Aarvik (Gneist) og løyperekordholdar Torstein Tengsareid (Egersunds IK). På den siste kilometeren viste Aarvik seg sterkast, etter at Tengsareid hadde gjort mykje av drajobben før den tid.

– Då Torstein gjekk for spurtprisen (på Brekkestølsbråtet, journ. anm), trudde eg han skulle rykke frå meg. Men han venta meg inn, og eg følte meg skikkeleg sterk i den siste delen av løypa. Eg rykka då det var ein kilometer igjen, og eg fekk luke med ein gong, fortel 20-åringen.

Aarvik sprang motbakkeløpet også i 2014 og i 2015. Då blei han samla nummer elleve og nummer tre, medan han denne gong kunne triumfere. Han opplyser at det er første gong han har slått Tengsareid i eit motbakkeløp.

Du ser video av Aarvik sin spurt øvst i denne saka. Hugs å velje høgast mogleg kvalitet. 

– Det var sigeren som gjaldt i dag, for eg såg på klokka at me var eit stykke bak dei beste tidene. Det var kjempegøy å springe. Du finn ikkje mange motbakkeløp med så god stemning som her. Eg fekk gåsehud på matstasjonen, så der måtte eg klappe tilbake til publikum. Dei var fantastiske, seier Aarvik og smiler.

Beste saudaløpar i herreklassen blei Stian Jårvik. 19-åringen blei nummer tre i juniorklassen med tida 51.14. Det var også 15. best av samtlige herreløparar laurdag.

Du les meir om folkefesten og vinnarane i tysdagens utgåve av Ryfylke.