ØNSKER GRØNT FOKUS: Eivind Aas (frå venstre), Eivind Hilestad og David King meiner store delar av Vangsnes bør vera bilfritt og grønt. (Foto: Ingvil Bakka)
ØNSKER GRØNT FOKUS: Eivind Aas (frå venstre), Eivind Hilestad og David King meiner store delar av Vangsnes bør vera bilfritt og grønt. (Foto: Ingvil Bakka)

Føler seg lurt av politikarane

Bebuarane i Øgreidkaien fryktar at heile utviklingsplanen for Vangsnes-området kan falla i grus viss politikarane opnar for tungtransport-kjøring.

– Ja, me føler oss lurt. Politikarane opptrer uforutsigbart, og me meiner planane om å få la yrkessjåførlinja få øvelseskjøra gjennom området ikkje lar seg kombinera med dei grøntareal-planane som ligg føre for området. Me fryktar at heile planen nå raknar, seier Eivind Hillestad, leiar for sameiget i dei tre leilegheitsblokkene Øgreidkaien.

For eit par år sidan blei det starta med planlegging av ein ny reguleringsplan for Vangsnes. Formålet med planen var å legga til rette for næring og hamn, laga eit friområde med gangveg, og å rydda i ein noko rotete og bildominerande trafikksituasjon. I det nye reguleringsplanforslaget som er jobba fram ligg det inne planar om å stenga den nåverande fylkesvegen som går langs sjøsida for kjøretrafikk.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.