Sauda kommune håpar bygginga av fortau i Brekkebakken kan starte opp på seinhausten.

VEDTATT: Reguleringsplanen blei vedtatt av kommunestyret hausten 2016. (Illustrasjon: Omega Areal)

Håpar på oppstart i år

Sauda kommune håpar bygginga av fortau i Brekkebakken kan starte opp på seinhausten.

av Frank Waal

I fjor haust blei reguleringsplanen for nytt fortau frå krysset ved Solbrekk kapell og 280 meter opp i Brekkebakken, vedtatt. Nå ventar kommunen på at Statens vegvesen vil ta på seg byggeleiinga og detaljplanlegginga.

– Dette er ein fylkesveg og me ønsker derfor at Vegvesenet har byggeleiinga. Langs vegen må det også gjennomførast gunnutløysing av privat eigedom, og me ønsker at Statens vegvesen tar ansvaret for dette, seier Ørjan Djuv ved teknisk eining i Sauda kommune.

Foreløpig avventar kommunen svar frå Statens vegvesen.

– Me håper at sjølve byggearbeidet kan starte opp på seinhausten, for finansieringa er alt på plass, seier Djuv.

Sauda kommune har fått 3,5 millionar kroner til dette prosjektet gjennom såkalla trafikksikkerheits-midlar. Dette er statlege midlar som fylkeskommunen deler ut.