SAMLAR INN PENGAR: Maud og Ola Breivik opplevde marerittet då ho fekk hjerneslag på bursdagens hans i mars i fjor. Nå meiner dei at hjerneskannarar må på plass i alle luftambulanse-helikoptera. (Foto: Ingvil Bakka)

Når kvart minutt tel

24. mars i fjor blei Maud Breivik ramma av hjerneslag. Nå samlar ho og mannen Ola inn pengar til hjerneskannar til luftambulansen.

– Klokka var sju om morgonen og eg hadde akkurat kome på jobb. Eg følte meg dårleg, var svimmel og kvalm, fortel Maud Breivik, om marstorsdagen i fjor, då ho, som 49-åring brått blei ramma av hjerneslag.

Ektemannen Ola, som fylte 55 år denne dagen, måtte henta kona på jobb. Han reagerte på symptoma, og meinte det var best å ta ein tur på legevakta. Maud innrømmer at ho var redd, og var såleis ikkje vanskeleg å be.

– Eg er jo aldri sjuk. Eg følte på meg at noko var riv ruskande gale, seier ho.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.