HÅPER PÅ KRAFTINNTEKTER: Lars Reidar Fosstveit er ein av 12 grunneigarar som håper at NVE seier ja til småkraftverk i Risvollelva. Planen er at kraftstasjonen blir plassert ved Fosstveitdammen, som ein ser i bakgrunnen. (Foto: Frank Waal)

Fire kraftverk på trappene

Heile fire private kraftverk er nå under planlegging i Sauda. Totalt vil desse ha ein straumproduksjon som forsyner 1600 husstandar

Grunneigarar ved Risvollelva, i Maldal og på Molla har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om konsesjon til å bygge kraftverk. Onsdag 7. juni vedtok formannskapet å anbefale NVE å gi konsesjon til dei fire kraftverka.

Eit samla formannskap meiner dei fire kraftverka er lite konfliktfylte.

– Eg blir ikkje rik på dette, men på sikt håpar eg at det kan gi litt tilleggsinntekter til garden, seier grunneigar Lars Reidar Fosstveit.

Totalt 12 grunneigarar har gått saman om å bygge kraftverk i Risvollelva. Lars Reidar Fosstveit er den nest største grunneigaren i denne utbygginga.

Høyringsfristen for dei fire kraftverka gjekk ut 27. juni i år.

Totalt vil dei fire kraftverka produsere 32,5 GWh i året. Dette tilsvarer omtrent straumforbruket til samtlege privathus i Sauda.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.