INNSATS: Eirik Birkeland trur sigeren heime mot Åkra kan bli vendepunktet. Jonas Nesbø Øvrebø og André Lilleskog (til høgre) scora måla som gjør starten på haustsesongen litt lettare for trenar Magnar Birkeland. (Foto: Edd Meby)
INNSATS: Eirik Birkeland trur sigeren heime mot Åkra kan bli vendepunktet. Jonas Nesbø Øvrebø og André Lilleskog (til høgre) scora måla som gjør starten på haustsesongen litt lettare for trenar Magnar Birkeland. (Foto: Edd Meby)

Tre poeng – og Eirik trur på ketchupeffekt

Årets første siger gir Eirik Birkeland trua på at det er muleg å halde plassen i 5. divisjon.

2-1 over Åkra 2 sist måndag var akkurat det spelarane og støtteapparatet trengte før ferien. Dei tre poenga er nemleg dei første for sesongen, og skal Sauda halde seg i divisjonen, må laget bort frå sisteplassen i avdeling 4. Vårsesongen har vore ein einaste stor nedtur for Eirik Birkeland og resten av gjengen.

– Vi har hatt problem med å stille lag. Det skuldast både skadar og jobbsituasjon. Lite folk på trening gjer det vanskeleg å få kvalitet på det vi skal gjere. Vi får ikkje øva på det Magnar (Birkeland, trenaren, red. merkn.) vil. Vi kan vere 16 i troppen til kamp, men bare åtte på trening eit par dagar etterpå.

– Resultata gir det rette bildet?

– Ja, vi er ikkje bortdømt i 13 kampar, for å seie det sånn.

– Kva trur du dei tre poenga mot Åkra 2 vil bety?

– Det gir ein boost i laget. Vi får meir tru på oss sjølv og meir guts. Det blir nesten som å begynna sesongen på nytt. Dette liknar litt på 2016-sesongen, der vi også var dårlege på våren og fekk ein seier mot topplaget Djerv i siste kamp før ferien.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.