SIKRA FRAMDRIFTA: Styreleiar i Sauda Folkets Hus, Sivert Sørnes (innfelt), er fornøgd med avtalane som er gjort med høvesvis AS Forskaling og Brødrene Selvik etter at millionfeilen til AS Forskaling blei oppdaga. Avtalane sikrar at prosjektet held skjema til opning i april 2018. (Foto: Even Emberland)
SIKRA FRAMDRIFTA: Styreleiar i Sauda Folkets Hus, Sivert Sørnes (innfelt), er fornøgd med avtalane som er gjort med høvesvis AS Forskaling og Brødrene Selvik etter at millionfeilen til AS Forskaling blei oppdaga. Avtalane sikrar at prosjektet held skjema til opning i april 2018. (Foto: Even Emberland)

Millionsmell for Folkets Hus

Ein summeringsfeil på Folkets Hus-jobb gjorde at AS Forskaling bomma med 3,1 millionar kroner. Partane landa ei løysing som sikrar både AS Forskaling og framdrifta til Folkets Hus-prosjektet.

I ei pressemelding frå styreleiar i Sauda Folkets Hus, Sivert Sørnes, kjem det fram at AS Forskaling la inn bod på 4,165 millionar kroner på betong- og stålarbeidet til Folkets Hus-prosjektet.

Rundt sju månader etter at dei fekk tilslaget på jobben, oppdaga entreprenørfirmaet at bodet dei fekk jobben med var 3 070 492 kroner mindre enn kva dei hadde meint at bodet skulle vere.

Sauda Folkets Hus og AS Forskaling har etter at feilen blei oppdaga i mai gjort avtale om at førstnemnde dekker 2,3 millionar kroner av meirkostnadene, medan AS Forskaling tar resten.

– Kvifor tar Sauda Folkets Hus størstedelen av rekninga når feilen har skjedd hos AS Forskaling?

– Partane har blitt einige om å gjere det sånn. Det er viktig for AS Forskaling. Utover det viser eg til pressemeldinga, seier styreleiar i AS Forskaling, Gro Johanne Lofthus.

– Stod firmaet i fare for å måtte legge ned om ein skulle tatt heile rekninga på 3,1 millionar kroner?

– Det ville gitt ei stor økonomisk utfordring. Den måtte me ha gjort noko med. Det var ikkje tema å legge ned, og målet var å løyse problemet. Måtte me tatt heile rekninga, så måtte me løyst det på andre måtar, forklarer Lofthus.

For Sivert Sørnes og styret i Sauda Folkets Hus var det avgjerande å sikra vidare framdrift i prosjektet. Det er flagga opningshelg for Folkets Hus 27. april-29. april i 2018.

– Me kunne ikkje tillate at dette stoppa framdrifta, og difor la me mykje energi ned i å sikre framdrifta i prosjektet. For eit selskap som AS Forskaling er 3,1 millionar kroner mykje, og for oss har det vore viktig å sjå saka i eit samfunnsperspektiv, i tillegg til å sikre framdrifta, seier Sørnes, før han held fram:

– Nå påverkar ikkje denne saka framdrifta på noko som helst vis. Det er viktig for meg å seie. Det blir opning som planlagt, og me skal vere ferdig med dei viktigaste tinga til opninga.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.