Gevinsten på 4,7 millionar kroner er ny rekord for Sauda.

TRE VINNARAR: Ingeborg Myhre annonserte tre lottomillionærar laurdag. Éin av dei var frå Sauda. (Skjermdump med tillate frå Norsk Tipping/Fabelaktiv)

Saudabu blei lottomillionær

Gevinsten på 4,7 millionar kroner er ny rekord for Sauda.

av Even Emberland

Laurdagens lottotrekning gav drygt 4,7 millionar kroner til tre vinnarar som prikka sju rette. Éin av vinnarane er ein mann frå Sauda, som opplyste at han ønsker å vere anonym då Norsk Tipping ringde med den gledelege nyheita.

Talrekka saudabuen og dei to andre leverte inn var 6 – 8 – 9 – 15 – 21 – 26 – 29. Mannen frå Sauda leverte sin kupong på Bunnpris.

– Er det sant? Det går då ikkje an? 4,7 millionar? Det er jo fantastisk. Eg bestiller tur til syden med ein gong, eg. Eg trur jammen eg bestiller meg ein ny bil også, sa saudavinnaren til Norsk Tipping då dei ringte han.

Gevinsten er også ny lottorekord for Sauda. Den nest største gevinsten for ein kupong levert i Sauda er 2,9 millionar kroner, tilbake i 2009.