GRØNARE: Kommunalsjef teknisk Randi Karin Habbestad vil gjere Sauda kommune så grøn og miljøvennleg som mogleg. Første skritt er elsyklar og ladepunkt for elbilar. (Foto: Even Emberland)
GRØNARE: Kommunalsjef teknisk Randi Karin Habbestad vil gjere Sauda kommune så grøn og miljøvennleg som mogleg. Første skritt er elsyklar og ladepunkt for elbilar. (Foto: Even Emberland)

Grøn satsing

Kommunalsjef teknisk vil ta grep og gjere fleire miljøtiltak. – Me må bli grønare, og dette er starten, seier ho.

Sauda kommune har i sommar fått innvilga søknader om drygt 350 000 kroner i støtte for å kjøpe inn elsyklar og opprette ladepunkt for elbilar som kommunen vil nytte i tenesta.

– Miljø og miljøtiltak blir bare viktigare og viktigare i framtida. Eg har tidlegare jobba mykje med temaet, så dette ligg nær meg. I kommunens klimaplan står det mellom anna om tenestebilar som skal vere elektriske, men dessverre har planen lenge låge i ei skuff, seier kommunalsjef teknisk Randi Karin Habbestad.

– Er dette grøne initiativet del av ei kommunal satsing, eller er det meir eit eingongstilfelle?

– Me håpar me har fleire elsyklar og elbilar om nokre år. Me følger nøye med nå og kjem til å søke på alt me kan få av støtte som har med miljø og grøne tiltak å gjere. Sjølv tenker eg at me må bli grønare, og at dette bare er starten. Me må køyre på, seier Habbestad.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.