HAR FUNNE ROEN: Men Salem-forstandar Kjetil Mæhle kjenner på at han gjerne er open for forandringar, sjølv om han liker livet sitt. (Foto: Ingvil Bakka)
HAR FUNNE ROEN: Men Salem-forstandar Kjetil Mæhle kjenner på at han gjerne er open for forandringar, sjølv om han liker livet sitt. (Foto: Ingvil Bakka)

Kristen i munn og mæhle

Kjetil Mæhle har heile livet vore søkande, men innrømmer at han har nok vingla litt i gudstrua si.

– Eg har ikkje vore søkande fordi eg har hatt det ille i livet, snarare tvert imot. Likevel har eg alltid kjent på ein dragning mot det religiøse, seier Kjetil Mæhle (51).

I april tok han over som forstandar i pinsemenigheten Salem i Sauda. I dag er familien og menighetsarbeidet hans viktigaste drivkrafter i livet.

Det har ikkje alltid vore slik. Religionen var meir eller mindre fråverande i Kjetil Mæhle sin barndom og oppvekst i Sauda på seksti-, sytti- og åttitalet. I familien hans var det, som hos alle andre, vanleg med dåp, konfirmasjon og bryllaup i kyrkja. Vesle Kjetil gjekk litt på søndagsskule, slik mange barn gjorde på 70- og 80-talet, men bortsett frå dette var ikkje det religiøse ein del av livet til familien Mæhle på Fløgstad. Kjetil var i militæret, tok utdanning, og gifta seg med ungdomskjærasten sin, Siv-Olene. Saman fekk dei to barn, ei jente og ein gut.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.