3322: Er talet på besøkande i Saudahallen dei fire første vekene etter at dei starta med sommarope. (Foto: Per Inge Fjellheim)
3322: Er talet på besøkande i Saudahallen dei fire første vekene etter at dei starta med sommarope. (Foto: Per Inge Fjellheim)

Har bikka 1000 per veke

Saudahallen har hatt drygt 3300 besøkande sidan dei starta med sommarope. – Det har vore bra til nå og masse turistar.

Sjølv om vêret ikkje nødvendigvis tydar på at det er sommar og skulefri, er det tydeleg om ein ser på besøkstala for Saudahallen. Dei har halde ope kvar dag frå og med veke 25, noko som viser igjen på besøkstala.

Dei første fire vekene etter at dei starta med sommarope har dei registrert høvesvis 520, 743, 1004 og 1055 besøkande i badeanlegget.

Det betyr at det har vore nokre færre innom badeanlegget dei første fire vekene av sommaren i år samanlikna med i fjor. I 2016 registrerte Saudahallen 611, 773, 985 og 1468 besøkande dei fire første vekene ein hadde ope kvar dag.

– Me håpar det bare aukar på framover. Det har vore bra til nå og masse turistar. Det er kjempekjekt, seier Solveig Sivertsen, som måndag denne veka var tilbake på jobb i Saudahallen etter å ha vore på ferie sjølv.

Sommarbesøk i Saudahallen
Veke 25: 520 personar
Veke 26: 743 personar
Veke 27: 1004 personar
Veke 28: 1055 personar