KLARE FOR FEST: Klovnen Cocco kjem tilbake til Vanviksfestivalen i år. (Foto: Even Emberland)
KLARE FOR FEST: Klovnen Cocco kjem tilbake til Vanviksfestivalen i år. (Foto: Even Emberland)

– Dette er rein, pur glede

Bak den 29. utgåva av Vanviksfestivalen ligg mykje entusiasme og dugnadsarbeid.

Laurdag står igjen Hylsfjorden Idrettslag og Fjordguten Ungdomslag med regien for Vanviksfestivalen, klare for den 29. utgåva av festivalen. På programmet i år står mellom anna redningsskøyta Elias, som kjem til festivalen for første gong.

Forutan hjarteknusaren til Redningsselskapet, blir som vanleg både fiskekonkurransar og aktivitetar på Vanvik kai på dagen, medan ein på kveldstid får besøk av bandet Podsoll, som sist besøkte festivalen i 2014.

– Det er dette folk vil ha. Eg trur me har funne vår nisje med arrangementet, det er litt mindre enn kva det var dei åra Vanviksfestivalen hadde store profilar, men det blir fantastisk stemning. Det har fungert meget bra, og nå bare gler me oss. Dette er rein, pur glede. Det er så kult å få til noko sånt i Vanvik, seier ein entusiastisk Amund Fattnes, leiar av Fjordguten Ungdomslag.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.